Tysdagsdans

Tysdagsdans

Kvar tysdag kan du danse med oss.

Ope for alle som vil danse.

Frå kl. 19.00 til kl. 21.45 er Dagfinn Aa instruktør og Solvor Sundsbø syter for musikk på fele/hardingfele.

Vi har både turdans, songdans, bygdedans og gammaldans på programmet.

Kvart semester blir det sett opp eit program for tur- og songdansar som ein legg særskilt vekt på i semesteret.

Dansepengar: kr 20. pr. kveld

I løpet av kvelden tar vi oss også tid til ein kopp kaffi eller te og noko å bite i.
Dette syter medlemene for på omgang, ref. “Kaffilista“.

Dei vanlege øvingane tar til i slutten av august og held på til midt i juni, sjå aktivitetskalendaren.

Vi øver i Halli i Nordahl Brunsgate 22 i Oslo.

Print Friendly, PDF & Email