Styringsføresegner for Sogn og Fjordaneringen i Oslo

(Vedtekne på årsmøtet 8. desember 1987. Endringar i punkt 2 og 3 på årsmøtet 4. desember 2001. Endringane vart godkjende på årsmøtet i Sogn og Fjordanelaget 11. februar 2002, samstundes som punkt 7.2 i lova for laget vart endra for å høve til dei nye føresegnene for ringen. Nytt tillegg til punkt 3 på årsmøtet i ringen 4. des. 2007, godkjent på årsmøtet i laget 2008. Endringar på årsmøtet i ringen 2. des. 2008, godkjende på årsmøtet i laget februar 2009. Endringar på årsmøtet i ringen 1. des. 2009, godkjende på årsmøtet i laget 8. februar 2010. Endra på årsmøtet i ringen 7.des. 2010.)

1. Føremål
Sogn og Fjordaneringen er eit særlag i Sogn og Fjordanelaget.
Ringen har til føremål å arbeide for norsk folkedans, folkemusikk og bunader, og skal særleg ta vare på særmerkt dans, musikk og bunader frå Sogn og Fjordane fylke.

2. Medlemer
Som medlemer kan styret i ringen ta opp dei som vil arbeide for ringen sitt føremål, og anten er medlem av Sogn og Fjordanelaget eller anna lag i Noregs Ungdomslag.

3. Årsmøte
Rekneskapsåret følgjer kalenderåret, og årsmøtet i ringen skal haldast i januar.
Årsmøtet skal handsame:
– årsmelding
– årsrekneskap
– saker som er kunngjorde i innkallinga
– arbeidsplan
– budsjett
– val av tillitsvalde
Valnemnda skal kome med framlegg til årsmøtet på så mange kandidatar som står på val, også til valnemnda.
Valnemnda skal ha 3 medlemer som vert valde for 2 år, slik at det annakvart år er ein og to medlemer på val.

4. Val av styre
Styret skal vere samansett slik:
Leiar
4 styremedlemer
2 varamedlemer
Leiar og varamedlemer vert valde for eitt år, styremedlemene for to år.
Årsmøtet vel kvart år leiar, to styremedlemer og to varamedlemer. Har nokon av styremedlemene som ikkje står på val, gått ut av styret, skal det dessutan haldast suppleringsval for desse.
Så langt råd er, skal det vere lik kjønnsfordeling i styret.
Styret vel seg imellom nestleiar, kasserar og skrivar.

5. Styret sitt ansvar
Det nye styret tek over leiinga av ringen frå 1. februar.
Styret har ansvaret for leiinga av ringen, å skaffe instruktør og musikk og elles alt som trengst til øving og andre aktivitetar.
Ringen skal så langt råd er bere driftskostnadene. Årsmøtesaker med vedtak skal sendast hovudlaget til orientering innan utgangen av januar.

6. Laget sitt ansvar
Styret i laget kan gje førebels godkjenning av val til styret, og andre vedtak gjorde på årsmøtet i ringen som må godkjennast av årsmøtet i laget.
Hovudlaget skal på alle måtar støtte arbeidet til ringen. Utgifter som ringen har til drifta, og som ikkje kan dekkjast av eigne midlar, står hovudlaget ansvarleg for.
Hovudlaget har ansvar for å velje to revisorar til å revidere årsrekneskapen. Dette kan vere dei same som reviderer rekneskapen til laget. Hovudlaget skal godkjenne årsrekneskap og budsjett.

7. Nedlegging og sikring av eignelutar
Ringen kan ikkje leggjast ned utan at hovudlaget er samd i det. Vert ringen lagt ned, skal hovudlaget ta vare på eiga i 5 år. Skulle det i mellomtida verte skipa ein ny ring, overtek denne eiga.

8. Endring i styringsføresegnene
Endringar i styringsføresegnene må få 2/3 fleirtal på årsmøtet og godkjennast av hovudlaget.

Print Friendly, PDF & Email