Sommaravslutning 5. juni 2018

Helge Veum ønskte velkomen med at komitéen hadde gjort ein kjempejobb. Og det skal vere sikkert! Fine, pynta bord, og masse god mat. Først salat med loff og tilbehør. Deretter kaffi, nydeleg kake og sveler. Danseøkta vart leia av Kjell Stensrud. Solvor og Edvin sytte for musikken. Ca 40 hadde møtt fram på denne avslutningskvelden.
Mellom salaten og kaffien vart nokre personar takka for trufast arbeid gjennom danseåret. Finn og Solveig vart takka spesielt for den store innsatsen dei har gjort for Ringen gjennom fleire ti-år. Finn har vore med i styret i svært mange år, herav tre periodar som formann/leiar. Nå er dei på flyttefot til Bodø. Folkedansen vil dei halde fram med i Bodø, men vi vil sakne dei i Ringen.
Etter mange år i styret vart også Ingeborg takka for stor innsats. Ho tar nå ein pause i styret, men heldigvis ikkje frå dansen.

Takk til komitéen for ein fin kveld!

Her er nokre bilete:

Finn og Solveig er på flyttefot, og vart takka for lang og stor innsats i Ringen. Her flankert av styrerepresentantane Marit og Torgunn

Takk til komitéen for ein fin kveld. Frå venstre: Rannveig, Valbjørg, Oskar, Helge, Kjell, Eldbjørg

 

 

Print Friendly, PDF & Email