Rekeparty på Nordfjordhytta 8. juni 2018

Det var denne sommaren då heten hadde bite seg fast på øvre halvdel av 20-talet på gradestokken. Slik var det også denne kvelden då 8 partyglade personar hadde funne vegen til Solfjell. Litt ut i måltidet dukka jammen også den niande opp. Det var vår faste spelekvinne i Ringen,  Solvor, som var her for første gong. Ho hadde prøvd seg for eit par år sidan, men rota seg bort. Veldig hyggeleg at ho denne gongen fann fram, og tok del i det trivelege selskapet.
Måltidet vart avslutta med eit heftig språk-/dialektordskifte.
Etter ein liten etepause etter rekemåltidet, overraska Anny med bursdagskake til Astrid, som runda åtti unge år 18. mai.
Nokre gjekk nedatt på natta. Den harde kjerne heldt det gåande med god prat til sola var på veg opp igjen i halv firetida.
Etter ein hete- og tørkeperiode på fem veker, skulle ein tru at bekken var tørr. Men utruleg nok var der både nok og godt vatn.

Her er nokre bilete frå selskapet:

Frå venstre rundt bordet: Astrid Gjørven, Anny Sollid, Alv Reidar Dale, Randi Solheim, Ingeborg Fagnastøl, Oddvar Bjordal, Live Horn.

Her har Solvor (nr 2 frå høgre) også funne fram. Det vart rikeleg med restemat for henne.

Her har språk-/dialektordskiftet skapt temperatur rundt bordet

Bursdagsfeiring for Astrid

Eit fint firkløver på det som skal bli benk på nytt utebord: Ingeborg, Randi, Live, Astrid

Print Friendly, PDF & Email