Osteparty på Nordfjordhytta 6. oktober

Storhending på Nordfjordhytta denne helga. I tillegg til det tradisjonelle osteselskapet, vart nytt utebord avduka og innvigd. Anny og Alv Reidar frå styret i laget stod for den offisielle markeringa. Som nestleiar i laget fekk Anny æra av å knyte opp sløyfa. Bordkonstruktørane/-snekkarane, Oddvar og Dagfinn, hjelpte til med avdukinga. Dermed kunne vidunderet betraktast. Beundring, skryt og lovord sat laust. Bordet vart innvigd med lefse og Nordfjordgombe som Anny og Alv Reidar varta opp med. Ikkje nok med det: Som takk for arbeidet med bordet, fekk Oddvar og Dagfinn overrekt kvar sin Vikafjell gensar. Dei måtte sjølvsagt på med det same. Med nye gensarar vart dei to strame karane endå stramare.

Nokre fakta om bordet:
To meter og femogseksti langt. Breidda på bordflata er ca 90 cm og er sett saman av to halve stokkar kløyvd på langs. Benkane (som er bolta fast i ramma til bordet) er også laga av tømmerstokk kløyvd på langs. Stokkane er bolta ihop, men ingen synlege boltar. God plass til 5 på kvar langside.  Bordet er hundrede prosent sjølvlaga av tømmer (gran) frå eigen skog, og er såleis nesten gratis for hytta/laget.

Bordkonstruktørane gav uttrykk for at det hadde vore eit interessant og lærerikt prosjekt der løysingane gjerne vart til på vegen.

Kvelden heldt fram med osteselskap. Ni personar hadde ein svært triveleg kveld med masse god ost og noko godt i glaset. Søjen sat laust slik han oftast gjer i godt selskap. Dei fleste overnatta og fekk dermed med seg lang frukost søndag. Veret viste seg frå si finaste haustside både laurdag og søndag. Flotte haustfargar.
Takk for ei fin helg!

Tekst: Dagfinn Aa

Her er nokre bilete:
Foto: Alv Reidar Dale © og Dagfinn Aa ©