Nordfjordhytta 55 år

Jubileumshelg 19.-20. september

Det har vore tradisjon å markere 10 års jubilea sidan hytta stod ferdig på Solfjell ved Rykkinn. 50 år vart markert i 2010 med over 30 til bords under festmåltidet. Også 45 år vart ekstra markert.
I år er det 55 år sidan hytta stor ferdig, og vi nyttar igjen høvet til litt ekstra feiring.

Jubileumshelga er 19.- 20. september. Kanskje får vi også denne gongen med oss hyttebyggjarar og andre som var aktive i laget i 1960 og frametter.
Festmåltidet blir slik tradisjonen er i slike høve: Rømmegraut, spekemat og anna tilbehør. Seinare på dagen blir det kaffi og kaker.

Jubileumsmåltidet blir servert laurdag 19. september kl. 15.00.
På grunn av maten må vi vite kor mange som kjem.
Påmelding innan 15.9 til:

Astrid Gjørven: astrid.gjorven@vikenfiber.no 22183295(h)/98681829 (m)
Dagfinn Aa: dagfinn.aa@online.no 45004933 (m)

Betaling: Kr. 150 som vert samla inn på hytta

For dei som blir over til søndag: Ta med sovepose og litt frukostmat.

Vel møtt på hytta.

Helsing
Astrid Gjørven og Dagfinn Aa

Print Friendly, PDF & Email