Medlem i Sogn og Fjordaneringen

Medlemer i Sogn og Fjordaneringen blir normalt også medlemer i Sogn og Fjordanelaget og dermed også i Noregs Ungdomslag (NU). Medlemskontingenten er i 2015 kr. 700.

Dei som er medlemer i andre lag tilslutta NU får kr. 400 i rabatt, men blir då ikkje medlem i Sogn og Fjordanelaget.

Som medlem av ringen får du:

  • triveleg tysdagsdans kvar veke vår og haust
  • svært rimelege kurs i ringens regi
  • avslag i prisen på folkedanskveldane i BLS

Som medlem av laget får du:

  • avslag i bilettprisen på laget sine tilskipingar
  • høve til å nytte lagshyttane til svært rimelege prisar
  • lagsbladet i Sogn og Fjordanelaget; Tre Fjordar

Som medlem av NU får du rabattar:

  • på alle Best Western hotell, m.a. Bondeheimen i Oslo og Hordaheimen i Bergen
  • Quality Hotell Saga i Tromsø
  • 10 % rabatt på kaffistover og Heimen husflid i Oslo
  • 20 % rabatt på bilettprisane på Det Norske Teatret og på Riksteateret
  • medlemsbladet i NU; Norsk Ungdom

Medlemssøknad

Fyll ut skjemaet under for å melde deg inn som medlem av Sogn og Fjordaneringen.

Så snart kontingenten er betalt er medlemskapet aktivt. Kontingenten kan betalast til konto 0532.11.8447.   Merk innbetalinga med “kontingent” og ditt namn.

* påkrevde felt