Kurs

Grunnkurs i gammaldans
Nybegynnarkurs er oftast innføring i gammaldans: vals, reinlendar og polka. Stega i desse dansane er grunnleggjande, og går igjen i mange av folkedansane våre.

Gammaldanskurs for litt øvde
Kurset vil legge vekt på variasjon i dei tre gammaldansrytmane reinlendar, vals og polka. Kursdeltakarane må ha litt danseerfaring  (f.eks. frå eit grunnkurs) i desse tre danserytmane.

Kurs i Vestlandsspringar
Ein bygdedans frå Vestlandet.

Kurs i polskor
Både vår danserettleiar og fleire med han har blitt glade i svenske polskor. Vi har jamleg kurs i både Bingsjöpolska og Bodapolska.