Juleavslutning 9. desember 2014

Tradisjonell juleavslutning med gløgg, graut, kaffi og kaker, dans og god stemning. Godt frammøte. Ekstra gildt var det å sjå fleire som vi ikkje ser så ofte på tysdagskveldane. Stor takk til komitéen (sjå bilettekst under), som hadde laga det så fint til for at vi alle skulle få ein triveleg førejulskveld. Ekstra triveleg var gjenhøyr med eventyrforteljaren Per Harald. Denne gongen var det Veslefrikk med fela vi fekk høyre.
Musikken sytte som vanleg Solvor for. For anledninga forsterka med Edvin Øen på toradar. Danseleiar var Kjell Klausen.

Her er nokre bilete:

IMG_0601-1

Komitéen: Astrid, Svein, Wenche, Heidi, Nils og Tone

IMG_0603-1

Per Harald fortalde eventyret Veslefrikk med fela

IMG_0594-1    IMG_0602IMG_0597IMG_0593IMG_0600-1IMG_0599IMG_0598 IMG_0596 IMG_0595