Hytter

Sogn og Fjordanelaget som Sogn og Fjordaneringen er ein del av, eig  to hytter i markene rundt Oslo.

Medlemmer av laget kan nytte hyttene både til dagsturar og til overnatting.

Nordfjordhytta
ligg på Solfjell rett ovanfor Rykkinn i Bærum. Hytta ligg høgt og fritt med fantastisk utsikt over store delar av Bærum og Oslofjorden.
Her er det flott å nyte sola ein fin sommardag.
Bakom ligg marka og innbyr til turar både sommar og vinter.
Frå 45 års jubileet i 2005.

Turen til fots opp frå vegen er ikkje lang, men litt bratt.
Det kan vere greitt å rekne med at det tar tre kvarter eller meir, avhengig av opp-pakning og kondisjon.
Om vinteren er det fint å gå på ski frå Lommedalen.

 Det er blitt tradisjon med rekeparty om våren
og osteparty om hausten.
Sjekk aktivitetskalenderen.
Det er god plass til overnatting!


”Sunnfjordhytta”
  eller “Pustut” som ho vert kalla,
ligg i Lillomarka ved Sinober i Nittedal kommune. Ho ligg i skogen like sør for Ormetjern, med strandlinje.

Det er fint å gå på ski om vinteren og godt med bær og sopp sommar og haust.

Det er skogsbilveg frå Skøyen i Nittedal til Sinober. Derfrå er det omlag 500 m langs stien til hytta.
Det er litt motbakke, men likevel tar ikkje spaserturen frå Skøyen meir enn omlag tre kvarter.
Du kan også gå stien frå Snippen i Maridalen. Denne spaserturen er litt lengre, men mindre bratt
og tar vanlegvis ca ein time.  Det same gjeld dersom du tek toget til Movatn og går derifrå.
Om vinteren er det også fint å gå på ski frå Snippen, Movatn eller frå Kjelsås.