Historie

Leikarringen vart skipa i 1954 av innflyttarar til Oslo frå Sogn og Fjordane; av medlemer frå Sognelaget i Oslo, Sunnfjordlaget i Oslo og Nordfjordlaget i Oslo. I 1987 vart desse 3 laga slått saman til eitt lag: Sogn og Fjordanelaget i Oslo.

I Sogn og Fjordaneringen er det i dag med dansarar frå heile landet og vel så det.

Jubileumsbok

Sogn og Fjordaneringen var 50 år i 2004. Til jubileet vart det laga ei bok “50 år med leik og dans”, som handlar om Ringen og medlemmene gjennom desse 50 åra. Boka inneheld over 300 rikt illustrerte sider. Skriftnemnda, som har laga boka, var samansett av Bjarne Hestenes, Olav Kvam, Hilmar Nummedal, Ragnhild Slyngstad, Turid G. Thorkildsen og Dagfinn Aa.

Ta kontakt med styret om du vil ha eit eksemplar av boka.
Ho kostar 100 kr + eventuelt porto.

Print Friendly, PDF & Email