Sogn og Fjordaneringen - hovudside
Hovudside
Aktivitetskalender
Tysdagsdans
Kurs
Hytter
Lenker
Om oss

     

 

Knut Trøen fikk Kongens fortenstmedalje i sølv 2009

På julefesten i Symra 5. desember 2009 fekk Knut Trøen overlevert Kongens fortenstmedalje i sølv for sitt lange og gode arbeid for folkemusikken. Han var fast spelemann i mange ringar, i Sogn og Fjordaneringen frå 1964 til 1975. Knut spelar ikkje så mykje offentleg lenger, men på festen i Symra var han med og spela saman med dei to brørne sine Kjell og Jørgen. Knut flytta til Fagernes i 2008. Det er mange av dei eldre medlemmene i Sogn og Fjordaneringen som kjenner Knut godt som ein trufast spelemann og ein god ven.
Vi ynskjer Knut lukke til med heideren.