17. mai 2018

Dette var 57. året ringen dansa på institusjonar i Bærum. Det må ein kalle lang og god tradisjon.
Danseplanen for dagen var slik:

12.30 Mariehaven
13.15 Martina Hansens Hospital
14.15 Dønski sykehjem (NB! Neste år må dette tidspunktet endrast til 14.45!!)
15.30 Vallerhjemmet
16.30 Statens senter for epilepsi (Solberg)

Strålande ver på heile runden. På Mariehaven og Solberg dansa vi ute.
I år vart vi fleire dansarar enn vi har vore på fleire år – 8 par på det meste. Svært bra!
Ein blid dansegjeng som fekk skryt for fin og humørfylt dans. På grunn av forvikling med tidsskjema, vart det litt kort tid til kaffi og bløtkake på Martina Hansens Hospital. Også det tok dansarane fint. Neste år må det leggast inn meir tid på MHH.
Dagfinn leia dansen, og Solvor spelte.
Stor takk til alle som var med og gjorde dagen så fin!

Etterpå var heile dansegjengen invitert til pølse- og kakeselskap hos Live. Fleire bidrog med salat og kaker til eit herleg måltid. Vi var 12 personar rundt det store langbordet. Mellom pølse- og kakebitane vart det mellom anna servert gamle, muntre framsyningshistorier.
Stor takk til Live som gjorde avslutninga av dagen perfekt!

Nokre hadde ikkje fått dekka dansebehovet om dagen, og avslutta kvelden med ein svingom i Nordahl Brunsgt.

Det faste gruppebilete etter dansinga på Solberg. Framme: Solvor, Torgunn, Svein, Solveig. Bak: Dagfinn, Tone, Olav, Hogne, Bjørg, Finn, Berit, Live, Helge, Hjørdis, Ragnhild, Egil

Bjørg og Dagfinn dansar springar på Vallerhjemmet

Hyggeleg selskap rundt langbordet hos Live etter dansinga

Print Friendly, PDF & Email