Velkomen til
Sogn og Fjordaneringen
Vi er ein leikarring i Oslo som har dansekveldar ein gong i veka. Med ujamne mellomrom har vi ulike kurs og andre aktivitetar, og som regel reiser leikarringen på tur ein gong i året.
Dei fleste former for norsk folkedans står på programmet til leikarringen: Bygdedans, gammaldans, turdans og songdans.
Leikarringen vår skal særleg ta vare på dansetradisjonar frå Sogn og Fjordane.
Vi har svært gode krefter til å rettleie/instruere, og til å syte for musikk til dansen i leikarringen.